The Very Tenth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

Andreas Godø

16. november 2026

Same Procedure as Every Year; Godøyhallen 3dje juledag!!

Det blir romjulssjakk i år og!  Detaljane kjem litt etter litt.


Påmelding:

Vipps til 7693WJ (Romjulssjakken 2026), oppgi "navn", "fødselår" og "heimstad".

64 kroner for barn og ungdom (fødde 2006 og seinare).

128 kroner for vaksne og veteranar (fødde 2005 og før).


Som vanlig er det kun 2 krav for å vere med:

- Du må meir eller mindre kunne reglane, og

- Du må ha lyst.


Full oversikt over dei påmeldte finns nederst i teksten.  Samandraget er her:

- 18 deltakarar

9 veteranar

2 vaksne

6 ungdommer

1 barn


Praktisk informasjon:


Stad: Godøyhallen

Med mindre påmeldinga blir kjempestor speler vi som vanlig i klasserommet.  Ved behov har vi også eit par andre areal som er enkle å ta i bruk.  Sjølve hallen blir tilgjengelig for alle som har behov for å avreagere og springe etter ein ball mellom partia.  Og tribuna er fin for prat og ganske frisk luft.  Dei som ikkje er kjende kjører til Godøya, svinger til høgre etter ein kilometer der det er skilta mot Alnes og til venstre umiddelbart etter Godøy skule.  Kjem du til ein tunnel eller nedoverbakke, så har du kjørt for langt.  Aller enklast: Søk "Godøyhallen" i kartet.


Tid: 14:00

Tredje juledag er på ein søndag i år, så vi prøver tidlegare oppstart enn før.  Forhåpentligvis klarer vi å balansere dei som har behov tidlig på dag med dei som har behov seint.  Målet er at alle skal vere på plass klokka 14, og dei aller fleste ferdig registrert.  Dersom du har mulighet set vi pris på oppmøte i god tid.  Dette for å i størst mulig grad unngå oppstartskaoset og dermed kome godt i gang.  Dessuten er det hyggelig å vere der og la seg overmanne av julesjakkstemninga.  Etter planen - som har vist seg å stemme godt tidlegare år - vil vi vere ferdige cirka 19:00.


Takk til:

Aalesunds Schaklag for lån av sjakkutstyr og turneringsprogram, samt generell god støtte.

Godøy IL for lån av hall.

10.trinn ved Giske Ungdomsskule som tar seg av kiosken og det praktiske arbeidet.  Og som også får overskuddet av turneringa.

Alle som bidrar til den gode stemninga, enten som spelarar eller publikum.

Alle desse er heilt nødvendige for at det skal bli sjakkturnering!


Jubileum:

Dette blir arrangement nummer 10!!  Vi er imponerte og stolte over det vi har fått til.  Kven veit kva vi såg for oss då vi arrangerte for første gong i 2015?  Det husker vi knapt, men vi såg i alle fall ikkje så langt som dette.  Vi hadde berre lyst til å lage og delta i ei vaskekte sjakkturnering.  Navnet kom først, og det avslører nok at draumen strakk seg lengre enn den eine turneringa.  32 spelarar blei med første gongen, og det virka som om alle hadde det kjekt.  Den gong då måtte vi tenke ut alt, men med hall frå Godøy IL og utstyr frå Aalesunds Schaklag var det viktigaste på plass.  Kiosken sto familien for i begynnelsen, diverse skuleklasser har tatt over etter kvart.  Alle desse nødvendige hjelparane har vore med heile vegen.

Som så mange andre plassar var det to års pause.  Coronapause i '20 og '21.  Det var ikkje gitt at vi kom til å kome i gang igjen etter dette.  På eitt tidspunkt - kanskje var det då - var fleire av arrangørane tomme for entusiasme til å organisere dette.  Det gjekk så langt at vi faktisk bestemte oss for å gi oss.  Men desember nærma seg.  Mange spurte om det blei turnering.  Og då dei to første som fekk spørsmålet "vil du vere med å arrangere" svarte ja, så var det berre å kaste seg rundt!  Sjakkturneringa og sjakkgeriljaen fekk leve videre.

Som nevnt var ein hovedmotivasjon å få spele turnering sjølve.  Og vi har etter kvart gitt turneringa undertittelen "Verdas breiaste breiddeturnering".  Og det er det vi er mest stolte av: Det store spennet i deltakerane.  Frå dei yngste til dei eldste.  Naboer og langveisfarende.  Halvprofesjonelle sjakkspelarar og spelarar som halvveis kan reglane.  Alt dette i det same dønn seriøst turneringsformatet som proffane speler i.  For kvar speler som gleder seg, så gler vi oss og!

8 turneringer så langt.  247 spelarar har vore med.  6 har vore med kvar gong.  Rett og slett ganske kjekt!


Sportslig ramme:

Kvar spelar har 12 minutt per parti. Ingen tilleggstid per trekk.

Det blir høgst sannsynlig 9 parti per spelar (som alltid).

Alle kan møte alle, men basert på Monrad-systemet vil du fort møte dei som har gjort det omtrent like godt som deg.

Det er delt inn i 4 aldersklasser, men dei blir kun brukt til premiering. Nok ein gong: Alle kan møte alle!

Barn: Fødde i 2016 og seinare

Ungdom: Fødde 2006-2015

Vaksen: Fødde 1986-2005

Veteran: Fødde i 1985 og før


Premiering:

Det blir delt ut pokal til dei 3 best plasserte i kvar aldersklasse.

I tillegg har vi  vandrepokalane våre.  Som den breiddesjakkturneringa vi er så stolte av å vere, så er det sjølvsagt ikkje mulig for nokon å vinne den same pokalen fleire gongar.  Vi har laga eigne kriterier for å få til dette.


Vandrepokalen:

Denne pokalen går til spelaren som gjer det best i turneringa. Men med tilleggsregelen at ingen kan vinne den meir enn ein gong. Dermed er det meir korrekt å seie at den går til "den spelaren som ikkje har vunne pokalen før som gjer det best i årets turnering". Dermed er det no 9 navn på pokalen. Desse kan ikkje vinne den i år, det er det ein av oss andre som gjer.


Dei tidlegare vinnerane:

1st: Adel Garebagi Fard

2nd: Rafael Tirado Gonzalez

3rd: Åge Dyb Hagerup

4th: Mathias Unneland

5th: Aasmund Godø

6th: Andreas Skrede Hausken

7th: Aleksander Skrede Hausken

8th: Sergei Zhuravlev

9th: Lazar Vucenovic


Maratonvandrepokalen

Denne pokalen kaller vi "belønning for lang og tro tjeneste", den går til den som har flest poeng samanlagt alle gongane dei har delteke. Også denne pokalen kan ein kun vinne ein gong. Det er 3 krav til å vinne denne pokalen:

- Ein må ikkje ha vunne den før

- Ein må delta i årets turnering

- Ein må ha flest poeng av dei som tilfredsstiller krava over

(Og er det fortsatt likt går pokalen til den som gjer det best i år)


Det er 8 navn på denne pokalen:

1st-2nd: Adel Garebagi Fard

1st-3rd: Mathias Unneland

1st-4th: Andreas Skrede Hausken

1st-5th: Per Arne Skrede

1st-6th: Nils Håkon Delphin

1st-7th: Aleksander Skrede Hausken

1st-8th: Andreas Rørvik Godø

1st-9th: Kasper Mannsverk


Dersom alle stiller er det i teorien heile 9 kandidatar til å ta den med seg heim i år.  Realistisk sett ligg det an til å bli ein beinhard kamp mellom far og son om æra.  Dei andre må enten overprestere eller fokusere på å forbedre utgangspunktet til neste år:

Matteo Mannsverk (41.5 poeng så langt), Webjørn Mannsverk (41.0), Eldar Godø (38.5), Åge Dyb Hagerup (36.5), Arne Unneland (35.5), Johannes Godø (35.5), Øyvind Farstad (35.0), Angel Madrigal Santamaria (34.5) & Hans Magne Rørvik Godø (33.0). Og bak dei er det tett for dei med ambisjonar!


Tidlegare resultat:

Resultat er spennende greier. Og sidan dette er ei dønn seriøs breiddeturnering, så finn du alle dei tidlegare resultata på resultatservice. Til glede og gru kan du mimre om dine gode og svarte stunder.

The Very Ninth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Eight Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Seventh Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Sixth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Fifth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Fourth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Third Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very Second Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge

The Very First Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge



Påmeldte 2026:

1.Andreas Rørvik Godø, 1974, Godøya, 9de deltaking, nr.6 på maratontabellen / 46.5 poeng
2.Kasper Mannsverk
, 1980, Valderøya, 10de, 7/44.0

3.Erlend Nicolai Sæther, 1979, Valderøya, 7de, 18/30.5

4.Johan Rørvik Godø, 2009, Godøya, 8de, 36/20.0

5.Hans Magne Rørvik Godø, 2005, Godøya, 8de, 16/33.0

6.Sam Norman, 1970, Valderøya, 6tte, 21/26.5

7.Harald Godø Gjerdahl, 1983, Ålesund, 4de, 48/14.0

8.Eldar Godø, 1984, Valderøya, 8de, 10/38.5

9.Johannes Godø, 1988, Valderøya, 9de, 13/35.5

10.Aleksander Skrede Hausken, 2007, Godøya, 10de, 5/49.5

11.Oskar Farstad, 2014, Godøya, 4de, 190/3.5

12.Noah Nordstrand, 2018, Valderøya, 2dre, 127/5.0

13.Lucas Nordstrand, 2015, Valderøya, 2dre, 106/6.0

14.Angel Madrigal Santamaria, 1975, Valderøya, 8de, 15/34.5

15.Jan Arve Valderhaug, 1974, Valderøya, 6tte, 30/21.5

16.Jakob Mork Furstrand, 2013, Ålesund, 5te, 28/22.0

17.Hans Fredrik Furstrand, 1976, Ålesund, 5te, 33/20.5

18.Håkon M.Sandanger, 2015, Godøya, 2dre, 230/2.0

19...

20...

21...

22...

23...

24...

25...

26...

27...

28...

29...

30...

31...

32...

...


Av Joakim Giske • 11. mars 2026
Årsmøte for Godøy Idrettslag, torsdag 19. mars kl. 18.00 på Myrtun
Av Joakim Giske • 28. januar 2026
Innkalling til årsmøte i Godøy idrettslag 2026, torsdag 19 mars kl. 18.00 på Myrtun
Av Joakim Giske • 5. april 2025
Godøy IL A-lag avslutter samarbeidet med Giske IL og stiller igjen lag alene. Klubben har en stabil spillertropp og ser positivt på fremtiden, takket være god utvikling av unge spillere og tilgang på nye spillere. Sesongstart er 23. april på Godøy stadion. Klubben takker Giske IL for det verdifulle samarbeidet.
Av Kjetil Nyvoll • 11. juni 2024
Godøy IL har vedtatt ny lovnorm
Av Kjetil Nyvoll • 7. november 2023
Årets klubblotteri ble trukket på 60 års festen den 21. Oktober.
Av Martin Ingjerd • 21. oktober 2023
 60 års feiringa har starta med aktivitetsdag i Godøyhallen