Julefeiringa, nyttårsfeiringa og romjulssjakken er over for denne gong. Om eit lite år kjem alt saman tilbake, slik gode tradisjonar ofte gjer. Medan vi venter får vi ta ei lita oppsummering:
"The Very Eight" blei ei vellykka rekordturnering. Totalt var det 86 deltakarar, den gamle rekorden var 79. Gratulerer til både oss som arrangerte og til alle som deltok. Kjempekjekt! I følge det vi har fått høyre frå deltakerane, så var det god stemning på etterpå og underveis. Gi oss gjerne tilbakemelding, både positiv og negativ. Sjølv om vi gjerne arrangerer over same lest år etter år, så er vi ikkje redde for å gjere justeringer.
Tusen takk!!!
Til Aalesunds Schaklag, for utstyr vi ikkje hadde klart oss utan.
Til Godøy IL, for lokale og heimeside.
Til 8D og foreldra, som sto for alt det praktiske rundt kiosken og arrangementet underveis.
Til alle som deltok og såg på, og dermed gjorde turneringa til det den er.
Og ein liten ekstra oppmerksomhet til Stanisław, som kom heilt frå Polen for å vere med!
Årets justeringer:
Utvida speleområde
I år flytta vi 7 bord ut på tribuna. Dette for å gi bedre plass for både spelarar og tilskodarar. Vi lukka også skilleveggen, og laga dermed tre adskilte område. I all hovedsak føler vi at dette var vellykka. Bord 1-13 fekk eit relatvit kompakt og rolig område. 14-20 på tribuna fekk litt meir støy enn det som var optimalt på tribuna, men dei fleste meinte det var greitt. Og bord 21-43 var samla ved sekretariatet. Vi er ikkje redde for å fortsette på same måte. Men med liknande eller større påmelding er det alltid eit alternativ å flytte turneringa ned i sjølve hallen.
Lounge
Vi sette at eit rom der spelerane kunne diskutere og sjå pariet live på bord 1. Dette blei ikkje brukt så mykje som vi sågf for oss. Det er ikkje sikkert at vi gjentar det neste gong.
Nye vandrepokalar
No er dei innført, så då fortsetter dei. Meir om dei lengre nede.
Resultat:
Den fulle resultatlista finn ein her.
Vel fortjent vinner blei Mathias Unneland, med 7 sigrar og 2 remisar. På plassane bak følgde to nye fjes i turneringa; Sergei Zhuravlev (8 poeng) og Lazar Vucenovic (7). Gratulerer til alle.
Som kjent deler vi inn spelerane i aldersklasser med premiering. Med følgende vinnarar:
Veteranar: Sergei Zhuravlev (8), Lazar Vucenovic (7), Per Arne Skrede (7)
Vaksne: Andreas Skrede Hausken (7), Stanisław Zarzecki (6,5), Erik Husøy Holm (6,5)
Ungdommar: Mathias Unneland (8), Brian Aleksander Farstad (6), Aleksander Skrede Hausken (6)
Barn: Torjus Lausund Relling (6,5), Anton Øie Farstad (4,5), Jonas Dahle Dyb (4)
Vinner i den upremierte kvinneklassa blei Cecilie Skodje (4)
Dei nye vandrepokalane:
For å befeste vårt sjølvpåførte image som verdas breiaste breiddesjakkturnering, gjorde vi ei endring. For den eksisterende vandrepokalen gjorde vi ei endring med tilbakevirkende kraft, i tillegg innførte vi ein heilt ny.
Vandrepokalen:
Denne pokalen går til spelaren som gjer det best i turneringa. Men med tilleggsregelen at ingen kan vinne den meir enn ein gong. Dermed er det meir korrekt å seie at den går til "den spelaren som ikkje har vunne pokalen før som gjer det best i årets turnering". Dermed er det no 8 navn på pokalen:
1st: Adel Garebagi Fard
2nd: Rafael Tirado Gonzalez
3rd: Åge Dyb Hagerup
4th: Mathias Unneland
5th: Aasmund Godø
6th: Andreas Skrede Hausken
7th: Aleksander Skrede Hausken
8th: Sergei Zhuravlev
Maratonvandrepokalen
Denne pokalen kaller vi "belønning for lang og tro tjeneste", den går til den som har flest poeng samanlagt alle gongane dei har delteke. Også denne pokalen kan ein kun vinne ein gong. Årets vinner hadde 40,5 poeng, noko som i beste fall krever at ein har deltatt 5 gongar. Det er 3 krav til å vinne denne pokalen:
- Ein må ikkje ha vunne den før
- Ein må delta i årets turnering
- Ein må ha flest poeng av dei som tilfredsstiller krava over
(Og er det fortsatt likt går pokalen til den som gjer det best i år)
Det er 7 navn på denne pokalen:
1st-2nd: Adel Garebagi Fard
1st-3rd: Mathias Unneland
1st--4th: Andreas Skrede Hausken
1st-5th: Per Arne Skrede
1st-6th: Nils Håkon Delphin
1st-7th: Aleksander Skrede Hausken
1st-8th: Andreas Rørvik Godø
Her er det spennende, vi veit allereie kven som er kandidatar til å få navnet sitt på pokalen neste år. Dersom alle deltar, er det følgende kandidatar: Kasper Mannsverk (39 poeng så langt), Matteo Mannsverk (36,5), Webjørn Mannsverk (36,5), Eldar Godø (34), Johannes Godø (32,5) & Åge Dyb Hagerup (30).
Dersom Kasper av uforståelige grunnar ikkje deltar er det fleire som har muligheten. I alle fall til å posisjonere seg for åra framover: Øyvind Farstad (29,5), Angel Madrigal Santamaria (29,5), Arne Unneland (29), Niklas Unneland (29), Hans Magne Rørvik Godø (28) & Simon Austnes (27,5).
Vi sjåast neste jul!
Slutt på oppsummeringa, førehandsomtalen fortsetter lengre ned...
27.desember, som alltid.
I Godøyhallen, som alltid.
Spelerane må vere på plass 16:00.
Verdas breiaste breiddesjakkturnering; Du er kvalifisert til å vere med dersom du har lyst og kan dei fleste reglane.
Samtidig er ramma like profesjonell som i VM i hurtigsjakk.
For deg som vil følge med!
Dagen er komen, vi samles klokka 16, og satser på å vere i gang med første parti 16:30.
Også dei som er så uheldige å ikkje vere til stades har muligheten til å følge med, vi er trass ei moderne turnering med online overvåking.
Du kan sjølvsagt følge med på resultata frå kvart einaste parti.
Og er du interessert i fleire detaljer, kan du følge partiet på bord 1, trekk for trekk.
Salen er no rigga, med plass til 85 spelarar. Vi har gjort enkelte grep for å gi god plass til både spelerane og publikum, og håper sjølvsagt det blir vellykka. I skrivende stund er vi nøyaktig 85 påmeldte. Vanligvis er det litt sjukdomsforfall i siste liten, men også enkelte som vil melde seg på. Vi skal nok klare å få inn nokre brett til dersom det trengs.
27 veteranar.
14 vaksne
31 ungdommar
13 barn
Pokalar til dei tre beste i kvar aldersklasse.
32 er med for første gong.
7 har vore med kvar einaste gong.
"Påmeldingsfrist":
Vi har ingen knallhard påmeldingsfrist. Og kapasiteten er god. Men det er påmeldinga og, og vi må gjere dei endelige forberedelsane. Derfor innfører vi ein påmeldingsfrist med hermetegn. Når vi våkner opp 1.juledag velger vi å tru at alle interesserte har meldt seg på, og rigger lokalet. Antakeligvis med eit par ekstra plassar. Saman med litt forventa sjukdomsfråfall blir det litt plass til seint innkomande. Men plassgarantien forsvinn juledagsmorgon. Så ver rask!! Eller lykke til!
Oppdatering påmelding:
Den fulle lista over påmeldt er å finne litt lengre nede.
Per 18.desember eit stykke utpå dagen er vi 46 påmeldte. Dette er fleire enn antall deltakarar i The Very First og The Very Third. I fjor var vi 72, rekorden er 79. Vi ser for oss å ende opp i det skiktet i år og.
Fordelinga av dei påmeldte viser at det blir tøffare kamp om pokalane i enkelte klasser enn i andre. Men alle pokalane blir delt ut.
6 påmeldte barn.
18 meldte ungdommar.
6 påmeldte vaksne.
16 påmeldte veteranar.
Sportslig ramme:
Kvar spelar har 12 minutt per parti. Ingen tilleggstid per trekk.
Det blir høgst sannsynlig 9 parti per spelar (som alltid).
Alle kan møte alle, men basert på Monrad -systemet vil du fort møte dei som har gjort det omtrent like godt som deg.
Det er delt inn i 4 aldersklasser, men dei blir kun brukt til premiering. Nok ein gong: Alle kan møte alle!
Barn: Fødde i 2014 og seinare
Ungdom: Fødde 2004-2013
Vaksen: Fødde 1984-2003
Veteran: Fødde i 1983 og før
Bevertning og kutyme:
Det blir med mat, forfriskninger og munngodt. Ein treng ikkje tenke på å mangle verken vått, tørt, søtt eller sunt. Kiosken er utanfor speleområdet, og er dermed ein fin mingleplass for spelarar, tilskodarar og føresette.
Underveis i partia er alle svært velkomne til å gå mellom borda og sjå på kven dei måtte ønske. Men hald lydnivået nede, for å bidra til intense og flotte atmosfæra som vi alle er så glade i. Det blir god anledning til å lufte seg (og frustrasjonane sine) mellom partia og utanfor spelesalen. Mat og drikke ved spelebrettet? Hald det til eit abolutt minimum. Det er lettare å sleppe å tørke opp kaffi og brus enn å måtte gjere det.
Arrangørar:
Som vanlig er det den lokale sjakkgeriljaen som står bak. Som har som sine einaste interesser å få til eit flott arrangement og å delta sjølve. Men det er sjølvsagt uunværlige støttespelarar som må nevnast:
- Aalesunds Schaklag, som låner oss brett, klokker og turneringssystem. Ingen turnering utan dei.
- Godøy IL, leige av hall, lån av heimeside og generelt stor velvilje.
- Klasse 8D ved Giske Ungdomsskule, årets tekniske arrangør, som står for alt arbeid underveis og tar med seg overskuddet som vel fortjent belønning.
Påmelding:
Påmelding skjer utelukkende via vipps.
Prisen er 50,- for barn/ungdom (fødde i 2004 og seinare), 100,- for vaksen/veteran (fødde i 2003 og før). Dersom nokon betaler meir, så blir 8D glade.
Vipps pengane til 410 47 365, legg ved navn, fødselår og heimstad.
Tidlegare resultat:
The Very Seventh Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
The Very Sixth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
The Very Fifth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
The Very Fourth Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
The Very Third Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
The Very Second Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
The Very First Annual Godøy Open International X-Mas Chess Challenge
Påmeldte:
1.Rune Skog, 1977, Godøya, 6.deltaking, nr.25 på maratontabellen, 20.5 poeng
2.Sam Norman, 1970, Valderøya, 4de, 30/16.5
3.Andreas Rørvik Godø, 1974, Godøya, 7de, 6/34.5
4.Kristian Wennevold, 1982, Godøya, 2dre, 131/4.0
5.Andreas Wennevold, 2006, Godøya, 5te, 32/15.5
6.Thomas Wennevold, 2010, Godøya, 3dje, 80/6.0
7.Viktor Siang Thang Cem, 2006, Lerstad, debutant
8.Noah Ytterland, 2006, Alnes, 6tte, 29/17.5
9.Johan Rørvik Godø, 2009, Godøya, 6tte, 40/13.0
10.Kasper Mannsverk, Valderøya, 1980, 8de, 7/34.0
11.Webjørn Mannsverk, Godøya, 1977, 8de, 8/32.5
12.Daniel Blindheim, Vigra, 1999, 2dre, 78/6.0
13.Erlend Nicolai Sæther, Valderøya, 1979, 5te, 26/20.0
14.Jens Giskeødegård, Giske, 1996, 2dre, 81/6.0
15.Eivind Storøy, Vigra, 1976, 4de, 34/15.0
16.Oskar Husøy Holm, Valderøya, 1998, debutant
17.Matteo Mannsverk, Godøya, 2008, 8de, 9/31.5
18.Jan Arve Valderhaug, Valderøya, 1974, 5te, 28/17.5
19.Benjamin Aag, Valderøya, 2015, debutant
20.Oskar Farstad, Godøya, 2014, 2dre, 187/0.0
21.Mikal Farstad, Godøya, 2010, 2dre, 166/2.5
22.Karl Oskar Farstad, 1981, Godøya, debutant
23.Jonas Dahle Dyb, 2015, Alnes, debutant
24.Erik Husøy Holm, 2000, Valderøya, debutant
25.Johannes Godø, 1988, Valderøya, 7de, 13/27.5
26.Edvin Lien, 2015, Ratvika, debutant
27.Oven Lien, 1972, Ratvika, debutant
28.Sigurd Myklebust-Underlid, 2006, Larsgården, debutant
29.Kristian Olsen Gallefoss, 2006, Larsgården, debutant
30.Angel Madrigal Santamaria, 1975, Valderøya, 6th, 15/24.5
31.John-Daniel Moen, 2010, Vigra, 3dje, 65/8.0
32.Aron Mikael Moen Andersen, Vigra, 1999, 2dre, 88/5.5
33.Øyvind Farstad, 1983, Vatne, 5te, 18/23.0
34.Brian Aleksander Farstad, ,2008, Vatne, 5te, 27/19.0
35.Anton Øie Farstad, 2017, Vatne, 2dre, 143/3.5
36.Jonas Solvåg. 2013, Blindheim, debutant
37.Arne Unneland, 1974, Ellingsøy, 5te, 20/23.0
38.Julian Dybvik, 2010, Godøya, 4de, 48/10.5
39.Tommy Skodje, 1971, Aurskog/Vigra, 2dre, 97/5.0
40.Cecilie Skodje, 1975, Vigra, 2dre, 154/3.0
41.Sofus Tomta Skodje, 2008, Vigra, 2dre, 167/2.5
42.Sverre Skodje, 2008, Aurskog/Vigra, 2dre, 144/3.5
43.Ada Skodje, 2010, Aurskog/Vigra, 2dre, 174/2.0
44.Frida Skodje Tomta, 2010, Vigra, 2dre, 176/2.0
45.Olave Tomta Skodje, 2014, Vigra, debutant
46.Albert Standal Mele, 2006, Ålesund, debutant
47.Per Arne Skrede, 1967, Godøya, 8de, 3/43.0
48.Jakob Mork Furstrand, 2013, Ålesund, 3dje, 47/10.5
49.Hans Furstrand, 1976, Ålesund, 3dje, 49/10.0
50.Sven Harald Nyvoll, 1989, Godøya, debutant
51.Andreas Skrede Hausken, 2003, Godøya, 8nde, 1/51.5
52.Ragnar Ørstenvik Haram, 2010, Lepsøya, debutant
53.Thorbjørn Ørstenvik Haram, 2012, Lepsøya, debutant
54.Arild Roald, 1950, Vigra, debutant
55.Eldar Godø, 1984, Valderøya, 6tte, 11/28.0
56.Nils Håkon Delphin, 1982, Ski/Godøya, 8de, 4/42.5
57.Stanisław Zarzecki, 1984, Karlino (Polen), debutant
58.Liam Giskegjerde, 2015, Giske
59.Simon Austnes, 1992, Godøya/Stavanger, 5te, 22/21.5
60.Ole Arne Nilsen, 1967, Langevåg, 3je, 50/10.0
61.Lasse Lundstad, 1980, Sykkylven, debutant
62.Hendrix Lundstad, 2016, Sykkylven, debutant
63.Peder Nikolai Sæther, 2008, Valderøya, debutant
64.Andreas Nicolai Blindheim, 2011, Valderøya, 2dre, 79/6.0
65.Erik Andreas Blindheim, 1974, Valderøya, debutant
66.Hilmar Leonard Haugen Veum, 2017, Ålesund, debutant
67.Johannes Stenerud Vik, 2008, Valderøya, 3dje, 46/11.0
68.Sondre B.Fossheim, 2014, Ålesund, 3dje, 71/7.0
69.Mathias Unneland, 2005, Ellingsøya, 7nde, 2/43.0
70.Lasse Aasestrand, 2009, Ålesund, debutant
71.Johannes Tøsse Eldevik, 2012, Ellingsøya, debutant
72.Lukas Bjørge, 2012, Ellingsøya, debutant
73.Nikolai Hollund Remøy, 2013, Spjelkavika, debutant
74.Ariel Andersen, 1997, Vigra, 2dre, 152/3.0
75.Aleksander Skrede Hausken, 2007, Godøya, 8de, 5/38.5
76.Ole Sverre Fossheim, 1965, Ålesund, debutant
77.Tormod Lausund Relling, 1988, Spjelkavik, debutant
78.Torjus Lausund Relling, 2015, Spjelkavik, 2dre, 172/2.0
79.Marvin Lausund Relling, 2017, Spjelkavik, 2dre, 173/2.0
80.Emil-Lion Nomat, 1973, Ålesund, 2dre, 72/7.0
81.Niklas Unneland, 2003, Ellingsøya, 5te, 16/24.0
82.Maxim Zhuravlev, 2016, Valderøya, debutant
83.Sergei Zhuravlev, 1982, Valderøya, debutant
84.Leif Arne Hausken, 1970, Godøya, 2dre, 82/6.0
85.Jakob Sverre Ytterland, 2010, Godøya, 3dje, 113/4.5
90...
91...
92...
93...
Stadig meir informasjon og historie kjem etter kvart.
Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet | Godøy Idrettslag