Har du forslag til kandidatar for styre og verv i Godøy IL?
Årsmøte i Godøy IL er torsdag 19.mars, og det skal her veljast kandidatar til ulike styre og verv.
Me ønskjer forslag til namn på aktuelle kandidatar.
Innkomne forslag på kandidatar vert vurdert av valkomiteen som legg fram forslag til innstilling på årsmøte.
Forslag på kandidatar til valkomiteen.
Me gjer merksam på at foreslåtte kandidatar ikkje automatisk vert innstilte, men må vere førebudd på å verte kontakta av valkomiteen.
Forutan namnet på kandidaten er det fint om du kan sei noko om vedkomande som f.eks. eigenskapar, kompetanse, tidlegare erfaring, ol. Hugs å opplys om ditt namn og kontaktinformasjon.
Vi håpar på stort engasjement frå medlemmane for å få fram gode kandidatar av begge kjønn til viktig tillitsverv i idrettslaget.
NB: Du må gjerne foreslå deg sjølv også som kandidat!
Med vennleg helsing
Valkomiteen
Martin Ingjerd T: 924 68 460
Kenneth Alnes T: 906 51 097
Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet | Godøy Idrettslag