Godøy enda ein poengfattig vårsesong med storseier over Hareid. Etter det bitre tapet i sesongens første kamp mot Hareid revansjerte gutta på skikkelig vis før ferien.
Godøy - Hareid
Stadion: Myrtun(Godøy Gress)
Vi tok som "vanleg" leiinga mot Hareid, og det berre etter eit minutt då Paco etter eit minutt var sikker aleine mot Hareid-keeperen. Aleksander Godø Alnes som skåra to mål mot Hareid i 1. serierunde varta opp med enda to skåringar til mot de same laget. Er Godø Alnes i ferd med å bli speleran Hareid fryktar mest av alle på Godøy-laget. Godt dei ikkje skal møte han fleire gongar i år. Etter 15 minutt banka Alnes til frå 20 meter. Ballen gjekk i ein flott boge over keeper og i mål. Hareid kom etter dette meir inn i kampen, men fleire mål vart det ikkje på nokon av laga. Godøy kunne dermed gå til pause med ein farleg 2-0 leiing. i andre omgang verka hareid meir bestemte og reduserte ved Hareids bestemann Ronny Jørgensen. Mange frykta nok at Godøy nok ein gong skulle kollapse. Dette skjedde ikkje sjølv om Hareid var farleg frampå og pressa Godøy. For å roe nervane til Godøyveggen, leite "Godøymafiaen" fram nok eit langskot tatt ut frå lærebøkene. Den harde og kontante ristskotet avslutninga frå 30 meter fekk ein flott dupp, og gjekk via tverrliggar og i mål. Vakkert av Aleksander Godø Alnes! Hareid verka litt resignerte etter dette. Erlend "paco" Holmen putta sitt andre for dagen, medan Bengt Øhlen på overtid av 2.omgang fekk masa seg til å skyte straffespark. Vagn Scheide Mork som har ein spesiell emne til å redde straffespark måtte finne seg i å gi tapt for sin overmann, Bengt Øhlen. Dermed 5-1 til Godøy og raudtrøyene kan ta ferie med 8 poeng, og å ikkje vere heilt den klare jumbokandidaten som mange har sett føre seg.
-Snorrebassen-
Mål
1-0(1 min): Erlend Holmen
2-0(16 min): Aleksander Godø Alnes
2-1(52 min): Ronny Jørgensen
3-1(55 min): Aleksander Godø Alnes
4-1(88 min): Erlend Holmen
5-1(90 min): Bengt Øhlen
Gule kort
Godøy: Øyvind Akerø(22 min)
Hareid: Kim-Tore Husøy(55 min), Andre Nupen(90 min)
Lagoppstilling
K: Øyvind Akerø
HB: Andreas Austnes
MS: Sven Harald Nyvoll
MS: Ørjan Dyb
VB: Øyvind S. M. Godø
HM: Marcus Volle
SM: Leif Arne Hausken
SM: Henning Dyb
VM: Ruben Austnes
OM: Erlend Holmen
S: Aleksander Godø Alnes
God ferie!!