Etter 5-12 på heimebane mot Vigra i mai, var det ein revansjesugen B-gjeng som råna utover til Roald måndag 21. juni. Dessverre måtte alltid målkåte Eldar Godø melde forfall i siste liten, likevel skulle det verte mykje jamnare enn første seriekampen mot vigringane.
Godøy opna sterkt og leia 4-1, etter godt angrepsspel og ein sprellande Ruben Austnes mellom stengene. Dessverre tok kreftene slutt utover i andre omgang, dermed kunne kondissterke Håvard Nordstrand vise seg fram og dei gulblå vann til slutt 6-5. Likevel mykje å positivt å ta med seg, mellom anna putta sjølvaste Bård Nyvoll sitt første mål for sesongen!
Neste B-kamp er onsdag 30. juni klokka 19.00. Då kjem Brattvåg til Godøy gras, kan det verte tre poeng og god stemning? Ifølgje rykta er i alle fall skadeplaga Ørjan Dyb og Amerika-sjuke Nils-Ove Støbakk klare for å vise seg fram for heimepublikummet, i tillegg er Ole-Martin Godø eit stadig meir soleklart alternativ som hardtarbeidande playmaker.
GODØY: Ruben Austnes, Ole-Martin Godø, Simon Austnes, Fredrik Valkvæ, Kristoffer Valkvæ, Kai Henrik Brynestad, Karl Johan Godø, Iver Valkvæ, Bård Nyvoll.
Mål: Kristoffer 2, Bård, Fredrik, Iver.