Surt bortetap med sju mann
Publisert 25.05.2010 av Nils-Ove Støbakk
B-laget tapte tysdag 9-4 borte mot Skodje. Så lenge kreftene heldt, var dei raude faktisk best – men etter 4-4 sa det stopp.

Til pause var det 3-2 til heimelaget, etter ein omgang der Godøy hadde flest sjansar. Eldar banka inn to solide skot, men kunne fort ha putta fleire. Og i alle fall to av baklengsmåla kom etter personlege feil, alle var einige om at dette absolutt ikkje var ei umuleg oppgåve!

Då Kristoffer utlikna til 3-3, var sigeren innan rekkevidde. Dessverre gjekk Skodje opp i 4-3 like etter, men så ordna Bengt 4-4 etter eit herleg soloraid. Etter dette viste Godøy igjen fin fotball og produserte sjanse på sjanse, likevel var det heimelaget som tok leiinga nok ein gong. Sidan berre sju mann møtte opp til kamp, vart det tungt på slutten. Fleire småskader og slitne bein gjorde at Skodje fekk det enkelt etter kvart, dermed enda det til slutt 9-4.

Med ein skikkeleg keeper kunne truleg halvparten av baklengsmåla vore unngått, men om vi hadde hatt berre EIN utespelar meir med oss burde vi faktisk klart å vinne denne kampen – sjølv med ein reaksjonstreig fyr med fargerik drakt heilt bakerst. Dagens lærepenge: Aldri meir 2x45 minutt utan folk på benken!

GODØY: Nils-Ove Støbakk, Eldar Godø, Fredrik Valkvæ, Kristoffer Valkvæ, Bengt Øhlén, Simon Austnes, Martin Fjelltun Dyb.

Mål: Eldar 2, Kristoffer, Bengt.

Gult kort: Bengt.
 
Viktige meldingar
Ingen viktige meldingar.
Aktuelle lenker
Mest aktive i forumet
1. Svein-Arve (1260)
2. Stoneruud (1226)
3. Nils-Ove (1020)
4. Stian (959)
5. Kikkan#14 (919)
Gå til forumet
Webcam - Godøyhallen
Utviklet av Stian Godø
Webansvarleg: Svein Arve Alnes - 352810 sidevisninger sidan 31. mars 2008.