Godøy-ropet gjalla i garderoben
Publisert 18.05.2010 av Nils-Ove Støbakk
Endeleg tre poeng til eit seniorlag i 2010!

Fredag tok A-laget sitt første poeng for sesongen då det vart 3-3 borte mot Valder. Tysdag kveld ville ikkje B-gjengen vere noko dårlegare då FK Sykkylven kom på besøk til Godøy gras.

Eldar sette standarden og dunka tidleg inn 1-0. Så plasserte Ruben inn 2-0 etter ei lekker hælpasning frå den første målscoraren, før bortelaget reduserte til 2-1. Men drosjesjåføren frå Alnes var langt frå ferdig, Eldar sette etter kvart inn sitt andre mål og dermed var det 3-1 til pause.

Andre halvdel skjedde det mykje rart, men Kasper auka i alle fall til 4-1 etter ei praktanrgep, før heimelaget dessverre gjekk delvis i oppløysing ei stund. Det vart rot i organiseringa og feilpasninger både her og der, plutselig hadde Sykkylven redusert to gongar og lukta på poeng. Heldigvis fekk Eldar roa nervane til medspelerane og banka inn 5-3. Godøy burde nok ha scora ein god del fleire mål, men ein god sykkylvskeeper og litt for langt gras hadde nok litt å seie for at det enda med «berre» fem ballar i nota.

Spesielt takk til Bengt, som var sporty og stilte seg mellom stengene første 45 minutta. Også takk til Ruben, som tok over stafettpinnen og hadde eit par lekre dribleraid i keeperdrakt, før Marcus tok over då Austnes-bonden stakk på kino. Marcus var med kun dei siste 20 minutta, men imponerte stort og drog fram den eine praktredninga etter den andre. Kanskje kan Godøy få sin første landslagskeeper på sikt?

Snipp snapp snute, så sprang alle opp i garderoben for å rope "Gi mej en G" og så vidare. Kasper var litt nervøs i starten av sigersropet, men fotballformannen vart fort varm i trøya og viste seg som ein kompetent hurragutt.

GODØY: Nils-Ove Støbakk, Eldar Godø, Fredrik Valkvæ, Kristoffer Valkvæ, Ruben Austnes, Ole-Martin Godø, Iver Valkvæ, Kasper Mannsverk, Kai Henrik Brynestad, Bengt Øhlén, Martin Fjelltun Dyb, Simon Austnes, Marcus Volle.

Mål: Eldar 3, Ruben, Kasper.
 
Viktige meldingar
Ingen viktige meldingar.
Aktuelle lenker
Mest aktive i forumet
1. Svein-Arve (1260)
2. Stoneruud (1226)
3. Nils-Ove (1020)
4. Stian (959)
5. Kikkan#14 (919)
Gå til forumet
Webcam - Godøyhallen
Utviklet av Stian Godø
Webansvarleg: Svein Arve Alnes - 352815 sidevisninger sidan 31. mars 2008.