Underhaldande i Uggedalen
Publisert 12.05.2010 av Nils-Ove Støbakk
Hockeyresultat sist sjuarkamp? I så fall vart det handballsiffer denne gongen!

Det starta veldig bra då B-gjengen tysdag 11. mai reiste nordover for å møte Norborg på Uggedalen kunstgras. Eldar hadde tydelegvis fått nullstilt seg etter straffemissen mot Vigra og prikka inn kampens første mål på elegant vis. Norborg kvitterte etter kvart, men Godøy svarte igjen og var lenge i føringa – heilt det stoppa opp på 4-3 i vår favør.

Til pause var stillinga 6-4 til Norborg, dessverre måtte både Eldar og Jonas ut med skade. Med feilslått taktikk og dårleg forsvarsspel vart det etter kvart 11-5, før dei raude krigarane klarte å kjempe seg inn igjen i kampen. Fleire lekre angrep på rad resulterte i noko som kunne likne på ei opphenting, men Norborg klarte å ri av stormen og vann til slutt 14-10.

Det positive er at vi scorer mål. Mange mål. Eldar putta tre før han måtte kaste inn håndkleet, i tillegg fekk Daniel si første seniorscoring før pause. Siste 45 var det Sven Harald og Austnes-brørne som tok seg av avslutningane, godt assisterte av Fredrik, som serverte Sven i alle fall to ekstremt ferdigscora pasningar. Hadde også dei tre-fire stolpeskota våre gått inn og ikkje ut, kunne det fort enda i poeng - men slik gjekk det ikkje.

Mest synd på Henrik denne kampen, keeperen vår hadde eit forferdeleg ustabilt forsvar å forhalde seg til. Spesielt han med draktnummer seks var ekstremt slapp i markeringane, forhåpentlegvis skal vi klare å forsvare oss betre mot FK Sykkylven neste veke. Kampen er i utgangspunktet sett opp på Godøy gras onsdag kveld, men vert enten flytta fram til tysdag eller utsett på ubestemt tid grunna A-trening, guttetrening og HV-øving.

GODØY: Nils-Ove Støbakk, Eldar Godø, Jonas Gustafson, Fredrik Valkvæ, Simon Austnes, Ruben Austnes, Daniel Optun, Magnus Optun, Henrik Optun, Sven Harald Nyvoll.

Mål: Sven Harald 4, Eldar 3, Daniel, Simon, Ruben.
 
Viktige meldingar
Ingen viktige meldingar.
Aktuelle lenker
Mest aktive i forumet
1. Svein-Arve (1260)
2. Stoneruud (1226)
3. Nils-Ove (1020)
4. Stian (959)
5. Kikkan#14 (919)
Gå til forumet
Webcam - Godøyhallen
Utviklet av Stian Godø
Webansvarleg: Svein Arve Alnes - 352807 sidevisninger sidan 31. mars 2008.