B-laget 2010
Publisert 02.02.2010 av Nils-Ove Støbakk
Det vert ikkje lokaloppgjer mot Giske i 2010, i staden vert det AaFK som får besøk av B-laget!

Sidan det var vanskeleg å skrape saman nok folk på haustparten i 2009, og fleire av dei som var med på B-laget i fjor no satsar i A-stallen, vert det ikkje andrelag i 5. divisjon denne sesongen. I staden er det meldt på eit seniorlag i sjuarserien, forhåpentlegvis skal det no gå litt greiare å stille eit jamt lag gjennom heile sesongen.

Stamma på sjuarlaget vert dei som møter opp på B-treningane i løpet av vinteren. I tillegg til B-stallen blir det også muleg for guttespelarar og A-lagsreservar til å få kamptrening på seniornivå. Sjølv om bana er kortare og offsideregelen borte vekk, er det mange solide fotballspelarar også i sjuarserien. Dei siste fire åra har AaFK sitt old boys-lag gått til topps, med fleire tidlegare toppspelarar (Eivind Syversen, Kai Birger Myrold, Rune Sunde, Johnny Vattøy) i aksjon.

Inntil vidare er det innetrening kvar onsdag klokka 21, så får vi prøve å finne nokre treningstider på grusbana når snøen forsvinn. Har du lyst å vere med? Møt opp onsdag kveld i Godøyhallen, ta med innesko og godt humør! Tidlegare og noverande fotballspelarar i alle aldrar er hjarteleg velkomne!
 
Viktige meldingar
Ingen viktige meldingar.
Aktuelle lenker
Mest aktive i forumet
1. Svein-Arve (1260)
2. Stoneruud (1226)
3. Nils-Ove (1020)
4. Stian (959)
5. Kikkan#14 (919)
Gå til forumet
Webcam - Godøyhallen
Utviklet av Stian Godø
Webansvarleg: Svein Arve Alnes - 351818 sidevisninger sidan 31. mars 2008.