Hælspark-Kai avslutta med scoring
Publisert 04.10.2009 av Nils-Ove Støbakk
B-laget vann andre omgang av bortekampen mot Brattvåg 2, dermed vart det i alle fall ei brukbar avslutning på sesongen. Bengt, Kristoffer og Kai Henrik vart målscorarane for dei raude i eit målrikt oppgjer.

BRATTVÅG 2- GODØY 2/VIGRA 2 7-3 (5-0)
Bane: Brattvåg kunstgras
Tilskodarar: 5
Mål : 1-0 (11), 2-0, 3-0, 4-0, 5-0 (str.), 5-1 Bengt Øhlèn (52), 5-2 Kristoffer Valkvæ (57), 6-2 (82), 7-2 (83), 7-3 Kai Henrik Brynestad (87).
Dommar: Odd Arne Grande, Skodje IL.
Ingen kort.

FØRSTE OMGANG (3-5-2):
Øystein Beite
Bengt Øhlén, Severin Alnes, Mathias Remmen
Aleksander Alnes, Kai Henrik Brynestad, Ruben Austnes, Simon Austnes, Iver Dyb
Ronny Ulla, Kristoffer Valkvæ

ANDRE OMGANG (4-4-2):
Øystein Beite
Iver Valkvæ, Ronny Ulla, Severin Alnes, Mathias Remmen
Kristoffer Valkvæ, Bengt Øhlén, Ruben Austnes, Kai Henrik Brynestad
Aleksander Alnes, Simon Austnes

BENKEN: Nils-Ove Støbakk.

BYTTE:
20: Nils-Ove inn for Øystein. Bengt ny keeper, Nils-Ove høgre midtstoppar.
42: Øystein inn for Nils-Ove. Bengt tilbake i forsvaret.
80: Nils-Ove inn for Simon, Nils-Ove spiss saman med Severin. Aleksander ned som stoppar.

KAMPEN:
På grunn av eit par forfall i siste liten, var det berre tolv spelarar med til Brattvågen. Men endelig var keeper Beite på plass igjen, sjølv om heller ikkje han kunne hindre at heimelaget tok ei tidleg leiing. Og då Øystein kræsja stygt med ein Brattvåg-spelar etter 20 minutt, måtte Bengt vikariere mellom stengene til vi var sikre på at det ikkje var hjerneristing. I denne perioden har vi ikkje heilt kontroll over når måla til Brattvåg 2 kom, sidan Nils-Ove måtte vikariere i forsvaret og hjelpemanager Ørjan måtte vere med Øystein i garderoba.

Bengt gjorde forresten ein god innsats som keeper, men måtte likevel plukke fire ballar ut av nota. Det siste kom etter eit tvilsamt straffespark, der sjølv brattvågaren som Severin takla, meinte at det ikkje skulle vere straffe. Men bortsett frå akkurat den situasjonen, klarte dommar Grande stort sett å halde ei god stemning ute på bana.

Etter pause skulle Brattvåg 2 prøve å halde nullen for første gong i år, men det gjekk så absolutt ikkje. Bengt lobba vakkert inn redusering frå 20 meter, før Kristoffer dunka inn 5-2 etter eit gjennomspel frå Aleksander. Så stoppa det litt opp igjen, før det vart tre mål heilt på tampen. Det rakna litt i forsvaret etter at Severin vart flytta opp som spiss i sluttminutta, men Kai Henrik klarte i alle fall å få opp humøret i laget då han ordna kampens siste mål. Etter ei pasning frå Bengt hælsparka unge Brynestad med seg ballen og krangla seg på merkeleg vis forbi keeper. Målscoraren vart jublande glad etter si andre scoring for sesongen og fekk med seg lagkameratane i dagens villaste målfeiring. Du har det ikkje meir gøy enn du gjer det til sjølv!

Med det er sesongen 2009 over for B-laget. Det vart totalt sju poeng, etter to sigrar over Giske og uavgjort heime mot Brattvåg 2. Det vart dessverre litt vel mange baklengsmål utover hausten, men vi fekk i alle fall avslutte sesongen med eit smil om munnen. For, som vi alle lærte på markane som små – ”siste målet vinne” :)

Sjå bstat09.pdf for oppdatert statistikk for B-laget.

Filarkiv

bstat09.pdf
 
Viktige meldingar
Ingen viktige meldingar.
Aktuelle lenker
Mest aktive i forumet
1. Svein-Arve (1260)
2. Stoneruud (1226)
3. Nils-Ove (1020)
4. Stian (959)
5. Kikkan#14 (919)
Gå til forumet
Webcam - Godøyhallen
Utviklet av Stian Godø
Webansvarleg: Svein Arve Alnes - 352824 sidevisninger sidan 31. mars 2008.