3.div: Hareid 4-3 Godøy
Publisert 19.04.2010 av Ørjan Dyb
Beklager at kampreferatet er litt sent ute, men her får du i alle fall ett bra referat av kampen mot Hareid! Det hele startet veldig bra, men endte med 4-3 tap.

Det starta bra….. Men slutta dårlig!

Godøy sjokkåpna på Hareid stadion og leia 2-0 før det hadde gått 20 min. Aleksander Godø Alnes stonga inn 1-0 i det 14.min, etter at ein corner vart stussa på bakre stolpe av Bengt Øhlen. Berre eit minutt seinare var Aleksander nok ein gong frampå. Hurtig og presist pasningsspel overrumpla Hareid sitt forsvar, og plutseleg var Aleksander aleine med keeper. Aleks var sikker som banken og sette inn si andre skåring for dagen.

Godøy hadde verkeleg fått ein drømmestart, men vart raskt dratt ut av draumeverden. Hareid reduserte to gongar, og laga gjekk til pause med to mål kvar. I andre omgang var Hareid første lag til å setje ballen i nota, men målet var annulert for offside. Deretter var det heller Godøy som skåra, og dette vart også godkjend. Erlend Paco Holmen, vår store krigar på midtbana, sette inn 3-2 for Godøy. Hareid gav seg uansett ikkje, og utlikna nok ein gong. Etter eit massivt press frå Hareid dei siste 20 minutta såg det ut til at poenga skulle bli delt mellom laga, men Kim-Tore Husøy ville det annleis. På overtid gjekk Hareid for fyrste gong opp i leiinga, då Husøy sette inn sitt tredje mål, og Hareids fjerde mål for dagen. 4-3 til heimelaget og dette vart også sluttresultatet.
Matchkommentar frå Aleksander Godø Alnes: ”Det var surt å tape, og kjedelig å miste poeng når vi var så nærme. Uansett, mykje positivt å ta med seg til neste kamp”.

Poeng:
Aleksander Godø Alnes, 3 poeng
Erlend ”Paco” Holmen, 2 poeng
Sven Harald Nyvoll, 1 poeng
 
Viktige meldingar
Ingen viktige meldingar.
Aktuelle lenker
Mest aktive i forumet
1. Svein-Arve (1260)
2. Stoneruud (1226)
3. Nils-Ove (1020)
4. Stian (959)
5. Kikkan#14 (919)
Gå til forumet
Webcam - Godøyhallen
Utviklet av Stian Godø
Webansvarleg: Svein Arve Alnes - 352838 sidevisninger sidan 31. mars 2008.